Copyright © 2007 Kennel Bjønroa


FORTELLINGER, side 3

Til side

1

2

3


Fortellinga om gamle Sira

I den første av fortellingane er Sira nemnt under  ”Tid for pointer”. Vi skal her sjå litt om hennar liv og lagnad.

Sira kom til oss
Det var på vårparten i 1962 at den lyse og pene pointerkvelpen hom heim til oss i Utsiktsveien. Det til stor glede for både store og små. Eg hadde kjøpt, eller rettare arbeida for ho, der nede hjå Arne Karlsen, som hadde teke ut Sira som paringskvelp etter CH Hit og Alsbjergs Bess.

Namnet Sira var det vi som valde. Men ho hadde sitt kennelnamn frå barndomsheimen. På registreringsbeviset stod det: Smestadhagens Sira 62/6921. Som oppdrettar Conrad Langaard og eigar Rolf Bjørnarheim .
 

Om Arne sin evne til å fortelje
Som nemnt så arbeida eg noe saman med Arne Karlsen på eit tilbygg til  huset hans. Han hadde kunnskap om jakt, skyting og hundar og var ein svært god forteljar som kunne få hammaren til å stoppe på veg mot spikaren. Slik blei arbeidet der ei triveleg tid der vi fann på så mangt, også i fritida.

Då trostflokkane kom syd frå, så smelte vi ned noen. Kona til Arne ribba, spekka og behandla dei etter kokkekunstens reglar. Dette blei reine snadderet til laurdagkos. Og då sat historiene lett. Ei var om mannen som så gjerne ville ha hund, men kona sa nei. Gubben ga seg ikkje, so kona kvesste i:
”Du får velje anten bikkja eller meg”.
“Det lyt eg tenkje på”, det sa gubben, han.

Etter måltidet slapp Hit inn på kjøkkenet for å ta seg av sin matporsjon. Den lyse og flotte hunden imponerte meg. Ein slik ville eg gjerne ha. Det kan det vel bli råd med, meinte Arne og fortalde om denne paringskvelpen hjå Langaard.

Spørsmålet måtte eg ta opp heime. Eg var heldigare en gubben, svaret blei ja. Den lyse og pene pointeren kom til oss, fekk namnet Sira og blei ein av familien.
 

Sira som barnevakt
I oppveksten hadde Sira lite kontakt med andre hunder. Ho vaks opp i leik med barna og fekk den same oppdraging som dei. Noko som likna dressur vart det ikkje. Men ho lærde namnet sitt og heldt seg saman med våre og nabobarna. Ho var aldrig i band eller bur, hadde si seng på kjøkkenet og blei eit familiemedlem.

Naturen ville at ho vaks fortare en dei andre barna. Det førte til at ho begynte å ta vare på dei andre. La dei att ting som lue eller vottar ute, så samla Sira dette på matta framfor utgangsdøra. Avis og post henta ho når bodet kom syklande etter Utsiktsveien. Avisbodet syntes det var greitt og leverte avisa til Sira, som bærte den til dørmatta. Postdama var redd, men lærte seg til å gå av sykkelen på andre sida, og så stikke posten gjennom ramma slik at Sira fekk tak iden, for so å bære den forsiktig heim, utan å øydelegge noko.

Sira godtok at ho måtte være heime med mamma når Ann Kristin og Stein skulle på skulen. Det hendte at noe var gløymt, som lommetørkle eller nistepakke. Då var det å la Sira springe etter barna og levere det gløymde. Grensa var Olsen-toppen, det for at Sigrun kunne sjå at det gjekk som det skulle og at Sira vende heim.
 

Utvikling til jakthund
Meininga var å bruke Sira på jakt. I 1963 medan ho var unghund, så jakta vi litt i skogen. Sira viste både jaktlyst og evne til å finne fugl. Og den blei felt, etter stand på orrfugl. Ho henta felt fugl med den største glede. Gamle Sira var den fødte apportør.

Men Sira måtte lære noe om jakt på ryper. Dette blei det broder Ludvik som skulle ta seg av. Det vart ordna slik at Karl Solheim skulle hente Sira i Nittedal og levere ho på Byrkjelo. Karl var jeger og hundemann og køyrde lastebil mellom Oslo og Nordfjord.

Eg snekra saman ei kasse og la teppet til Sira i botnen. Men Solheim hadde ikkje plass til den. Han tok teppet og la det på golvet til passasjersida. Der ligg ho trygt og godt, meinte han.

I ettertid fortalde han at turen hadde gått greitt. Sira hadde oppført seg korrekt som den sindige og rolege hunden ho var. Men det blei seint so dei måtte overnatte på Nystuen. Der hadde begge fått god bevertning og Sira hadde sjarmert vertinna. So då Karl ville legge Sira på golvet for natta då meinte vertinna, den hunden skal ligge i ein plysjstol. Slik blei det, men kvar han Karl låg det fortalde han ingen ting om.

Komne til Byrkjelo blei Sira overlevert, og dei to hundkarane vart einige om at dette var ein svært vakker hund. Men dei oppdaga at Sira hadde utvikla underbit ved skifte frå kvelpetenner som var korrekte. Dette ville ta frå ho mulegheita til å oppnå 1. Pr. på utstilling. Men ein god jakthund kunne det bli.

Under jakta hausten 1964 viste Sira at ho var ein særs lovande jakthund. Det blei felt både ryper og orrfugl for ho, som alt blei brakt til jegeren. I sin iver meinte Ludvik at ein burde la Sira ha eit kvelpekull og så satse på ein av kvelpane. Det fordi Sira hadde underbitt og ikkje kunne nå so høgt på utstilling som hennar eksteriør elles tilsa.

Tanken var freistande, men for meg var dette noe nytt og usikkert. Ludvik hadde erfaring med avl av engelsksetter, og kjende mange i miljøet. Han lova å ha Sira og kvelpekullet heime på garden, slik blei eg overtalt. Og han tok kontakt med Fredrik Drabløs i Ålesund.

På den tida hadde Drabløs Mailands Bass, ein hann importert frå Danmark. Ludvik fekk lovnad på å bruke Bass. Men då han kom til Ålesund og Drabløs fekk sjå Sira, så meinte han at her var kun det beste godt nok. Derfor blei Arrow valt. Dessverre blei det ikkje avkom etter denne paringa. Solheim frakta Sira til Nittedal, med helsing frå vertinna på Nystuen

Det var betalt paringsavgift med rett til omspring dersom resultatet blei negativt. Dette var nok med i vurderinga om å prøve på nytt, og då med kvelpar i Utsiktsveien. Over telefon fekk eg forsikring om at det var greitt. Drabløs ville skaffe ein kvelpekjøpar og lova å ta mot Sira og ordne alt på beste måte. Vi måtte berre sende ho i ei av jernbanens kasser og betale tur-retur billett.

Ludvik ville ha ein tispekvelp, og han lova å prøve å plassere fleire. I Nittedal var det to som ønska kvelp etter Sira, og vi sjølve ville halde att ein. Som dei optimistar vi var, so sette vi i gang.

Vi hadde hus og stor tomt med uthus og meinte å være bra forberedde. Men det blei litt av eit sjokk då heile 11 kvelpar kom til verden. Korleis skulle vi, heilt ukjende i pointerverda, klare å plassere alle desse kvelpane?

Det blei eit kappløp med tida. Avertering i lokalavisa og Aftenposten vakte litt nysgjerrigheit, men ingen bestilling. Noen kom og såg på kvelpane, bla. Arne Karlsen. Han syntes dei var bra. Men meinte elles at det var galskap å sende ei tispe heilt til Ålesund, her var jo gode hannhundar nærmare til, og at avkomet deira ville vore lettare å selje. Han tok også opp fordelen ved å ha eit kennelnamn. Sjå meir om det i den første av forteljingane under: ”Bruken av Arkas navnet”.

 

Plassering av kvelpane
Pila vart sendt med fly til Ålesund, der ho blei motteken av familien Skjong, som gav Pila eit godt liv. So tok Solheim med seg Siri, Snorre og Silva til Bjørnarheim. Der Ludvik valde seg Siri og ville prøve å plassere Snorre. Silva vart overteken av broder Gunnar, mot bytte av noen hyttematerialar.

Desse første blei leverte ved 8-9 vekers alder. Det gjaldt også Panny og Heien, som blei i Nittedal og betalte med kr. 350,- . Arne Karlsen henta sin Dux i følje avtalen, men formidla elles ikkje noe sal.

Kjell Bøe, ein kamerat frå jobben, fortalde at han og kona hadde lyst på hund. Men pengar var det smått med. Vi var ille ute og tilbydde dei: Betal kr. 50,- ved henting og kr. 250,- om Silver får 1. Pr. på utstilling. Silver fekk sin 1. Pr, Kjell og kona innfridde avtalen og Silver fekk ein god heim.

Mot sommar i 1967 sprang det trots alle salsforsøk 3 unge hundar saman med mora der heime i Utsiktsveien. Og i tillegg hadde broder Ludvik Sorry gåande att på heimegarden. Dette var belastande på helse og familieliv. Noe måtte gjerast. Det viste seg og at undertennene til Sira hadde forverra seg slik at dei stod rett fram og plaga ho ved inntak av mat, så det var reint vondt å sjå på. Vi snakka om dette i familien, og kom til at det beste for oss alle var at ho fikk slippe ut av dette livet.

Vi fekk ha vår gode Sira i nære 6 år, og lyser fred over gamle Sira sitt minne.

 

Dei unge hundane sin utvikling
Det vart ikkje berre problem. Kvelpane utvikla seg til pene hundar som gjorde det bra på utstilling. Dei som deltok først var Dux og Pila. Dei var med på NKK sin utstilling i Oslo den 2. April i 1967. Då blei Dux tildelt 1. UKK med CACIB og vart derved beste hannhund. Pila fekk sin 1. UKK, men blei slått av den berømte Sniffy av Syningom, som vart tildelt CACIB og BIR.

Seinare fekk både Silver og Sorry sine 1. UKK med HP. Sorry vart bedømt av Johs. Myhre som uttalte: ”Om denne 13 måneder gamle hunden er det så mye godt å si at jeg kan ikke få sagt det”. Kan hende so minna Sorry ham om hans eigen CH. Alsbjergs Sep. Min vurdering var og er at han likna meir på Pikhaugens Prikk.

Alle dei 11 søskena fekk delta på jakt. Men det var berre Silver, Dux og Pila som deltok på jaktprøver, der dei tre premierte seg. Det kan være grunn til å nevne at alle hadde korrekte tenner. Slik sett var det all grunn til å være fornøgde med avlsresultatet.

 

Dei siste fekk også ein heim
Ludvik hadde anbefalt Thorleif Andenes å ta kontakt med oss om kjøp av hund. Andenes hadde vorte utan hund. Og då dei var godt vaksne i familien, so ville dei ikkje starte igjen med kvelp. Dei kom for å sjå på våre håpefulle. Spørsmålet blei om dei kunne få overta Siv. Vi hadde tenkt å ha ho sjølve, men slik stoa var måtte svaret bli ja. Men Siv fekk eit trygt liv som jakt - og familiehund.

Snorre hadde vorte plassert hjå Bjarne Valaker i Utvik. Og i jakta fekk Ludvik oppleve Siri som ein særdeles lovande viltfinnar og rypebehandlar. Slik at han i sin iver også fekk overtalt Ola Hestenes i Gloppen til å kjøpe Sep. Dermed var kabalen løyst.

Gleda ved dette blei redusert av at toget tok frå oss vår stolte Sorry. Det blei litt lettare då Siri fekk kvelpar og vi kunne velje ut ei ny Sira, med Ann Kristin som eigar.

 

Til ettertanke
Utan medverknad av Fred. Drabløs og Ludvik Bjørnarheim, so hadde det ikkje vorte kvelpar etter Arrow og Smestadhagens Sira. Vår pointerhistorie ville då ha vorte endra.
Se   “Livet etter Silver”.

Utsikten i mai 2009
Fortalt av Rolf Bjørnarheim

Dette bildet ble tatt i Utsiktsveien våren 1966 og viser avkommet etter Yotas Arrow og Smestadhagens Sira. Frå venstre ser vi Silver ved sida av Tove og Mona Bøe. Rolf og Sigrun Bjørnarheim har fanget fullt av trivelege kvelpar.

 

Til toppen

Til side

1

2

3