|
DET GODE LIV MED HUND (hentet fra boka: Historie-glimt av Rolf Bjørnarheim)
“Hunden er mennesket sin beste venn”. Ja, slik heiter det, men er det alltid slik? Her er det to eller fleire partar som må leve saman. Det krevest at dei forstår og respekterar kvarandre. At alle viser lyst og vilje til å samrbeide. Samarbeid er nøkkelordet. Det å eige ein hund medfører eit stort ansvar. Ein må derfor være glad i hunden. Villig til å ofre tid og krefter for å få til samarbeidet.
Valg av hund Det vil avhenge av kva hunden skal brukast til. Om det er til jakt, sauedrift, vakthund eller selskapshund. Det finnest mange raser å velge mellom. Slik at du kan få den hunden som passer til ditt formål. Skilnaden mellom rasene er ikkje alltid så stor. Det kan være større skilnad mellom individ innan rasen. Så valget er viktig. Det seiest at: Kvelpane lærer like mykje frå veke ein til fem som dei lærer resten av livet. Lærdomen får dei av mora og i leik saman med resten av søskena. Mora har altså stor betydning, så sjå på ho. Kunskapen til oppdrettaren har nok også stor betydning. Han kan ha gjeve flokken gode mulegheter til å lære. Av ein slik flokk er det kanhende berre ein eller to som blir særs gode. Har du valget, så velg ein kvelp som er litt annaleis enn dei andre. Den første fødte blir ofte best.
Grensesetting Dette bør du tenkje på før kvelpen blir henta. Om du for å være snill med kvelpen, lar den valse fritt over alt, i soffaer og senger. Lar den herje med skor og klær. Då får du eit problem som vert vanskelig å løyse. Hunden vil bli til byrde. Du må derfor sette grenser. På ein vennleg måte, la den forstå kven som er sjefen. Hundar er flokkdyr som alle vil høgt på rangstigen. Kvelpen vil ikkje nøle med å ta sjefsjobben når den skal inn i din menneskeflokk. Dei fleste som eig hund er glade i den og ser på hunden som ein av familien. Det å få ein kvelp blir nesten som å få eit barn i huset. Folk har gjerne eit rom der barnet skal stellast. Der det er tilgang til vatten og greit å holde reint. Barnet har sine leiker der og gjerne ei leikegrind. Samt soveplass der barnet skal ha ro. Noko slikt kan være greit for den nykomne kvelpen. Mens hunden er liten er det greit at den har eit bur der den kan sove og være trygg. La den få nokre knotter (tørrfor) med seg inn i buret. Den vil då få lyst til å gå inn i buret. Der må den få fred og vil då føle seg trygg, roer seg og vil sove godt der.
Hus-rein hund Når så hunden vakner, vil den føle trang til å gjere frå seg. Den vil nødig gjere dette i eit lite bur. Den vil, og må, sleppast ut. Det er då greit å ha gjærda inn eit område. Slik at den kan bevege seg fritt og finne att plassen den kan gjere sitt i frå seg. Etter maten vil den også ut. Prøv å innarbeide rutiner som passer familien. Det er kvelpen som skal tilpasse seg dei andre. På dagtid skal den være ute. Det er då greit å ha eit lite hundehus, med løpestreng, der den kan bevege seg. Med fleire hundar er hunde-gard å foretrekke. Ute må den ha tilgang til vatten. Den vil være full av virketrang. La den få små vedakubber og grove bein til å tygge på. Mens den er liten er kunstige tyggebein best. Du må nok tåle litt graving. Store brudd-heller eller natur-stein kan være greit på dagplassen. Men hugs å gje hunden knotter når den skal på plassen sin. Då vil den gjere det med glæde.
Opplæring Har du ein eldre hund med gode vaner, så la kvelpen lære av den. Sitt og ligg kan den vaksne og får alltid knott og ros. Kvelpen ser dette og tar etter og må då få sin belønning. Du klarer dette uten den gamle, men det tar lenger tid. Du må då sjølv sette kvelpen ned, så gje knott. Har du gjennteke dette gang på gang, så vil den lære og til slutt gjere det med glede. Med ligg-øvelsen er det like dan. Men du må ta berre ein øvelse av gangen, til kvelpen kan den. Hugs å sette ord på øvelsen. Dei fleste hundar misliker å gå i band. Det krevest stor tålmodighet for å få det til. Men dette lærer den greit ved å gå i tviband med gamle hunden. Dette slik som ein hestekar lar følet gå i grime ved sida av gamle mærra. Namnet sitt lærer hunden ved at du bruker det kvar gong du snakker til den. Bruk det og når du vil ha den til deg. La den alltid få ros og knott når den gjer det rette. Du får då ein hund som gjerne vil samarbeide. Du får ein glad hund.
Dressur Hundar som skal brukast til tjenestehund eller på jaktprøver, dei bør dresserast. For ein vanleg jeger så er det nok å innøve eit samarbeid. Det den må ha er eit kurs med dressurhalsband mot sau og klauv-vilt. Ein må sette strenge krav til dressører. Slik at hundane dei fører ikkje opptrer som underkua vrak. Vrak etter for rask og hard dressur. Det må visast respekt for hundens medfødte egenskaper. Vi veit at hundar på fleire områder, som eksempel hørsel og luktesans, er oss mennesker heilt overlegne. Å sjå ein underkua hund utføre ordre i redsel for strømband eller bank, det er eit trist syn. Men det finst også gode dressører som møter med ein glad hund. Om jaktdressur vil eg vise til boka: “Den glade fuglehund” av Olav Schjetne. Olav er ein praktkar som kan dette gemet.
Apport/Rapport Apport-lyst har dei fleste fuglehundane. Dei finn ting dei går og bærer på. Dette kan du greit utvikle til at: Hunden hentar fugl og leverer den til deg. Men det er svært viktig at du berre lar hunden bære døde fuglar. Ein unghund må ikkje få lov å drepe skadeskotne ryper. Den kan bli knall-apportør og vil då gjerne skade viltet. Apport kan og lærast ved tvang, men det kjem inn under dressur. Dette med rapport er meir sjeldent. Det som kan føre til at hunden rapporterer, er stor vilje til samarbeid. Hunden snur gjerne på haudet og ser etter kameraten. Den kan og gå av stand og viser seg for jegeren. For så å gå tilbake til standen. Då må jegeren forstå at hunden har fugel føre seg. Men har hunden ein treg fører så kan den måtte gå å ta han i handa og leie han fram mot standen. Har hunden greid å snu kameraten, så løper den gjerne i førevegen og fester ny stand. Slikt samarbeid er sjeldent.
Slik lærde Mia rapport Ei tid hadde eg duer for å trene hundane på. Mia var ivrig med på dette og visste godt om duene i Duehuset. Slik det skal være med tisper, så fekk Mia sin løpetid. Ho måtte då luftast i band. Det vart gjerne ein luftetur ned for å hente posten. På slutten av heimvegen slapp eg henne laus. Ho var straks på plass ved Duehuset og tok stand. Eg fulgte opp dette, men sette på band før eg opna døra og ba henne reise. Som ei kule for ho inn i huset, landa sitjande på golvet, mens duene berga seg opp på vaglet. Ho fekk ikkje lov å røyre duene. For å få henne til å hente meg, så måtte eg av og til late som eg ikkje såg henne, gå inn om gangdøra, og vente. Å rett nok, ho kom mot døra og såg etter meg. Når eg opna døra, så drog Mia mot Duehuset og feste stand. Då var det berre å følje etter. Mia fekk det som ho ville, og blei svært ivrig. Var eg for treg kom ho inn og henta meg. Dette samarbeidet fekk vi nytte av på jakt, til felles glæde.
Stand med reising Standinstinkt har alle fuglehundar, i større eller mindre grad. Ein fuglehund som ikkje tek stand er lite brukeleg. Fuglehundar har god luktesans. Lukte-sellene i nesa sender signal til hjernen og hunden oppfattar kven lukta kjem frå. Lukt av ryper vekkjer jaktlysta til hunden. Blir lukta sterk så sender hjernen signal til musklane om at: Hunden må stoppe, musklane låser seg nesten. Dette heiter å feste/ta stand. Slik skal hunden stå til den får beskjed om å få fuglen på vengene og så stoppe. Stand-evnen kan delast inn i tre grader. Vi har hundar som stoppar berre ei kort stund før dei jagar opp fuglen og spring etter (preller). Andre står godt og venter på føraren. Dei kan då være saman om jakta, og er samarbeidet innøvd, ja då går det som det skal. Den tredje graden er hundar som står svært fast. Dei låser seg i standen. Under jaktprøver blir ein slik hund avvist. Ein hund skal, på ordre, få fuglen på vengene og stoppe, gjerne sette seg. Ein god dressør kan få til dei fleste hundar. Men ein ser då lite att av hunden sin naturlege egenskapar. For ein vanleg jeger, så er det lettast å bruke dei to siste. Særleg nr 2 kan bli ein samarbeidsvillig og god hund.
Trening med duer Det kan ligge til rette for trening med duer. Duer er ein hønsefugl det er mange av. I by-parker og andre tettstadar kan du finne dei. Mange by-borgarar med hund lar den ta stand på duer. Med hund i band er det greit. Duene tek ikkje nokon skade av dette. Men greiast er det å ha eigne duer i Duehus. Der dei kan ta seg ut og inn. Slike duer vil hunden sjå dagleg og kan ta stand på dei. Oftast er det syns-stand, men det aukar jaktlysta. Dette kan nyttast til felles jakttrening. Du bør starte med duer i netting-bur. I beiteterreng med tuer og små-busker er det greit å gjøyme buret med dua i. Hunden må sleppast slik at den får vinden frå dua og mot seg. Den vil snart ta stand. La den stå litt før du ber om reising. Bruk då ord som “la gå” eller eit ord du har innøvd med hunden. Den vil då fare fram mot buret. Den har som ønskje å fange dua, men buret hindrer den i å ta dua, noko hunden misliker. Du må då støtte hunden, set den ned og ros den. La den gjerne få knotter, og ta litt tid ved buret. Neste steg er å løfte vekk buret (dua flyg). Det kan du få til med ei lang stang. Med den kan du flytte buret fram når hunden reiser fuglen. Til dette er det greiast å være to. Ein passar hunden og den andre løfter buret. I starten er det nok best å bruke line på hunden. Den har ellers lett for å gå etter. Seinare kan du trene med duer i bur utan botten. Slik at når buret blir løfta vekk med line så er dua(ene) fri og kan ta til vengene og flyge vekk. Husk altlid å rose hunden når den gjere det rette. Som er å stoppe når den har fått fuglane på vengene. Orda “la gå” kan du innøve når du slepper hunden ut av gangdøra eller løyser den frå bandet. Du kan og bruke dei under apport-trening. Mot slutten av august må du på fjellet og trene på ryper. Truleg vil det være best å bruke line dei første gongene. Unngår du at hunden får fange og avlive rypene, då sparer du masse treningsarbeid. Samarbeidet går lettare. Har du vore heldig og få til ein hund med gode vaner i huset, i hagen, og på fjellet. Ein hund som har den største glede av å gjere deg glad. Ja, då kan du nyte det gode liv med hund.
EIN GLAD HUND (hentet fra boka: Historie-glimt av Rolf Bjørnarheim)
“Den glade fuglehund” Dette er tittelen på hundeboka Olav Schjetne har skrevet. Eg skal ikkje referere frå boka, den må læsast. Olav sine eigne ord er best. Men det kjem klårt fram i boka at: Ein glad hund, den er best.
Ch.Sørlias Senta Frå 1970 og utover hadde vi Senta. Ei pointertispe som var til glæde for familien. Alt som kvelp viste Senta gode evner. Eg ante at ho vilde nå opp på jaktprøver. Men eg kunne for lite om dressur og føring av hund på prøver. Vi såg det som rett at ho fekk ein god læremester. I bladet Fuglehunden såg vi om ein som tilbydde sine tenester i så måte. I same bladet såg eg at han hadde ført hundar på prøver, med Arne Holmesland som dommar. Det fall naturleg å ringe Arne og spørje om denne karen var dugande. Han kjende lite til denne føraren. Men han hadde sett at hundane hans var glade. Hedersmannen Arne Holmesland lærde meg noko: Ein glad hund utfører jobben til glede for både førar og dommar. Det høyre med til historia at Sørlias Senta blei NUCH 2 år og 5 mnd gammal. Dette med hjelp frå nemnte førar. Diverre fekk Ann Kristin, som eigar, og eg ikkje beholde Senta meir enn i 4 år. Då fekk ho livmor-betendelse og måtte vandre over til dei evige jaktmarker.
Bjønroas Mia No, meir enn 30 år seinare, har eg Mia som samarbeidsvenn. Under eit kvelds-sæte i Sogelaget, helde i Karnilsstova, der var jakt tema, og særleg om bjørnejakt. Broder Ludvik og eg var anmoda om å fortelje frå slik jakt. Vi kunne vise bilete frå Alberta i Canada, noko som det blei sett pris på. Men eg viste og eit bilete av Mia. Det viste ein vakker hund eg var stolt av. Mia er ikkje berre vakker, men og ein god jakt-kamerat. Ei etter-jakt på Vona, viser litt av dette.
Ein lydig hund Kring middags-tid kom eg over høgda og såg ned til Vonavatnet. I kvia til venstre var det sauer, henta frå Vona-terrenget fordi det var sist i oktober og gjekk mot vinter. Nede ved vatnet sat Leidulfen og renska fisk. Mange, mange små, men somme med bra tyngde. Dette var fisk fanga i ruse for å få vekk små-fisken. Var det “kultivering” han kalla det? Odden hadde lova meg båtskyss over vatnet. Leidulf fortalde at nett då var Odd nede i bygda med eit lass sauer, men Leidulf hadde lova og svippe meg over. Eg undra om han kunne reise frå fisken. Ja, det gjekk bra meinte han, og på “her” (var det Laila ho heitte?). Han peika på bilen deira og sa: ”Laila du får være der og passe på”. Ho for opp til bilen som stod med bakdøra oppe. Der la ho seg for å holde vakt. Eit eventyrlig godt samarbeid, i stor tillit.
Vengeskota rype Innover vatnet bar det. Vona nærma seg og forventnings-iveren vaks. Den fekk eit ekstra puff ved at Leidulf fortalde om ryper. Ja, det hende slik: Då dei for med saue-drifta så tok dei over brua føre hytta til Hjelle, og ned over myrane mot elva. Der ein plass var det så grunt at sauene kunne vade over. På denne turen hadde dei jaga opp eit rypekull. Tanken på dette fekk fart i blodomløpet. Der vi rusla opp mot husa, gjekk tanken til han som fortalde om rypene. Leidulf som då tøffa utover vatnet. Han må være den mest hjelpsome og blide mann i Naustdal. Vi tok oss tid til kaffi og vinerbrød før jakt-utstyret kom på plass. Så var det å finne att rypene. Ned over desse myrane er det naturleg nok rimeleg flatt. Men litt uventa kan terrenget sleppe seg ned ei bratte der bjørkeskogen har fått feste. Det var under ei slik bratte at Mia hadde teke stand. Eg kom på oversida og såg ho der nede. Det å kome seg stille ned bak Mia var vanskeleg i den tetta. Og rypene vilde nok teke ut, om eg prøvde. Eg kom til å tenkje på Skåden med kjeppen. Men Mia kunne reise ryper, så det måtte prøvast. Eg kom meg opp på ein stein. Der ifrå prøvde eg å få Mia fram. Ulykka var at ho då blei borte bak eit kjærr. Med auge-kontakt vilde eg ha vinka ho fram. Slik det var, så blei Mia usikker, ho venta at eg skulde kome ned. Dette var jakt og ikkje prøve. Eg tok av jakt-lua, heiv den ned over. Ei rype tok til vengene, og fekk eit reint skot etter seg. Den pakka saman og gjekk ned i tyebær-lyngen der framme. Mia stod att, så eg tok meg ned til henne. Ho fekk gå ut i apport-søk, men fann ikkje ryper. Eg henta lua og gjekk dit rypa datt. Der låg det berre 3 kvite dun, rypa var borte. Mia stoppa berre litt, starta så sporing etter rypa. Ho snudde seg av og til, for å sjå om eg kom etter. Eit par gonger stoppa ho og tok stand. Men dei løyste ho opp før eg kom til. Slik dreiv vi på i fleire titals meter. Eg såg ikkje rypa, men visste at den var føre oss. Fram på eit svaberg stod Mia att. Då kom eg nære uten å få auge på rypa. Brått sprang rypa ut, flaksa nedover berget. Løp så mot eit lite kjærr og gjøymde seg. Mia og eg stod roleg og såg på rømlingen. Denne gongen såg eg rypa og sende eit avsluttande skot. Stille vart det. Vi kom oss ned svaberget og Mia fekk hente rypa. Men som bilete viser, var det endå liv. Glad og nøgd leverte Mia rypa frå seg. Avliving vart min jobb. Andektig blei rypa pakka i gårdagens avis. Eg kunne slappe av saman med ein glad hund.
 |
|