post@bjonroa.com


FORTELLINGER

Til side

1

2

Eit liv med hund
På Bjørnarheim der eg vaks opp, var alltid hunder, mest engelsksettere. Men på 30-talet hadde vi ei kvit/brun pointertispe (leverfarget). Det var broder Ludvik som åtte desse. Men so snart eg var kar for det, så bar det til fjells enten på tur eller jakt. Og som regel var det med hund.
Mine to første hunder var Basse og Sita, begge engelsksettere. Basse var ein god jakthund. Men i Nittedal blei det for lite aktivitet. Da han spiste opp familiens Bibel, eit kostbart eksemplar med permer av tre, måtte eg plassere han på Vestlandet slik at eg kunne bruke han på jakt.
Så kom Sita. Ei trikolor og mørk tispe med bra jaktegenskaper og triveleg gemytt. Toget blei hennes ulykke. Ho fekk brudd på eine lårbeinet. Det blei spjelka med stålbolt og nagler som seinare vart fjerna. Men Sita tålte ikkje lenger å leike med barna. Eit forsiktig bitt gjorde at vegen til dei evige jaktmarker blei kort.

Tid for pointer
Tidleg på 60-talet arbeidet eg noe på huset til Arne Karlsen i Nittedal. Arne hadde da Ch. Hit, ein vakker pointer som sjarmerte meg. Arne overtalde meg til å kjøpe hans parringshvalp etter Hit og Alsbjergs Bess.
Den kvit/gule tispen fekk navnet Smestadhagens Sira. Ho blei seinare parret med Arrow til Drabløs, og gjennom sønnen Arkas Silver kom begge til å ligge bak mange høgt premierte hunder.

Bruken av Arkas-navnet
I kullet etter Arrow og Sira var det 11 hvalper. Det viste seg vanskeleg å plassere så mange for ein førstegangs oppdretter. Med kennelnavn går det lettere, forklarte Arne. Men eg hadde ikkje slikt navn. Du kan jo bruke mitt, sa Arne.
Eg fulgte rådet. Arne skulle få overta ein hvalp (Dux) for å låne ut sitt kennelnavn. Denne Dux deltok på ei international utstilling i Oslo den 2. april 1967, der Erik Wang var dommer. Han gav Dux 1UKK og Cacib (sjå side 60 i jubileumsboken “60 år for pointer”). Dux havna hos Bjarne Foss Haneborg i Oslo.
Silver blei henta av Tove og Kjell Bøe, til stor glede for familien Bøe. Silver var smart og oppfinnsom. Ein dag han ruslet i villastrøket på Fjellhamar, så kom han over ein avskjering (halv tønne) der det låg julesylte under. Handelsmannen (nordlending) hadde lagra sylter i snøen. Kraftkaren Silver vippa opp dunken og tok med ei sylte. Uflaks, noen hadde sett han. Det blei stort oppstyr med trussel om skyting osv. Tove blei livredd og Silver vart omplassert. Han endte hos Arne Karlsen.

Livet etter Silver
Silver blei brukt i avel med bl.a. Arkas Fia til Per Skaland. Og Karras blei født. NJUCH Karras vart så i sin tur parret med SJUCH Jo-Kjells Sola til Lennart Kjelsson, og der kom Silva til Bjørn Solheim. NJUCH Silva gav liv til mange gode pointere.
“Gode råd er dyre og blir uvitende sin lære”

Byrkjelo, desember 2006
Rolf Bjørnarheim

  Hvem koser seg mest?
Sita og Streif får godbit av far  Rolf.

  Det er godt å ha snill mor når veien er lang og man  er så liten. Sita i ryggsekken til Ann Kristin påsken 1972

 

                    
 

Til toppen

Til side

1

2